Viser innlegg med etiketten UMB-studenten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UMB-studenten. Vis alle innlegg

Draumar

Fag eg gleiar meg til.
I ei ganske ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Tropisk feltøkologi (utmarksbasert studium på 15 studiepoeng som inneber 4 veker på feltkurs i Tanzania, med tema som ressursforvaltning og økologi i tropiske område i tverrkulturelle arbeidsgrupper)
2. Innføringskurs i naturforvaltning
3. Atferdsøkologi (evolusjonær mekanisme og atferdsstrategiar hjå dyr)
4. Viltbiologi og forvaltning (å forvalte villmark med minst mogleg negative effektar for viltet)
5. Tropisk økologi og biologi
6. Økologisk fordjupningsoppgåve (valgfritt tema!)
7. Vern og forvaltning av norsk natur
8. Tropisk økologi og naturforvaltning
9. Conservation biology

Sannsynligvis kan eg ikkje velje alle. Sånn er livet.

Ting eg gleiar meg til.
I ei relativt ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Reise heim
2. Gifte meg
3. Oppdage Kina, India og Sør-Afrika
4. Feltstudium
5. Eit friår
6. Studere dei kjekke faga
7. Jobbe i WWF e.l.
8. Den dagen eg skal byrje å trene for fullt
9. Når eg har bestått eksamen i etologi, math100 og ex-phil
10. Når eg har funne den norske draume-garden
11. Alpakkafarmen min
12. Reise verda rundt
13. Kjøpe kajakk
14. Ri på hesten min i eit spektakulært, norsk landskapet
15. Sove

Sannsynligvis kan eg ikkje gjere alt. Sånn er livet :-) Sove kan eg.
Men det kan bli interessant uansett, trur eg.

Distraksjon

Eg vert lett distrahert. Det er derfor eg sit og skriv i blogg i staden for å lese om nervecelleforbindelser på ultraintrikat engelsk. Det skal ikkje så mykje til då. Men det er og derfor eg har bestemt meg for kajakkpadling i staden for roing. Kajakk er så mykje meir anvendeleg. Og eg kjem antakelegvis ikkje til å konkurrera i roing likevel. Kajakk er lett å døyme seg vekk i, eg kan padle i ei brei elv og berre sjå på naturen medan eg glir med straumen. I går var det perfekte forhold for padling. Heilt stille på vatnet, kaldt, skumring og krystallklar himmel. Eg vil berre drøyme meg vekk, og plis plis kan eg la vere å lese om synapser og glutamatergiske nevroner? Eller for den saks skyld, Platons ontologiske teoriar?

Hjelp, eg studerar!

Og kva no?

Eg er van med å få eit kvitt papir i handa der det står kor eg skal til ulike tider av døgnet. Og kva rom eg skal i, og at eksamen og prøvar ikkje kolliderar med kvarandre. Vel, eg har funne ut at eg må tenkje annleis. Eg har satt opp min eigen timeplan, og funne ut at eksamenane ikkje kolliderar. Eg er i høg grad nøgd med resultatet. Tenk så heldig eg er som kan velje mellom monge titalls fag eg kan ha interesse for. Men tenk så vanskeleg!

Eg har akkurat delteke i den fyrste forelesninga i haust av relevans til personlig interesse; etologi. Eg visste ikkje at det skulle treffe meg så hardt i hjarterota. Og det var berre flaks at eg fekk vite om akkurat dette faget. Ut av lufta. No kan eg kanskje endeleg lære om pingvinar og deira atferd og korleis han påverkar deira bestand og moglegheit for å overleve. Og om kvifor nokre av dei er besatt av små runde steinar.

Pingvinar med stein

I dag lærte eg om metodar for forskning. Og følte meg med eitt ganske akademisk. Eg lærte så vidt om proximat og funksjonell tilnærming på dyrs atferd, og at det er ein kvifor- og korleis-grunn til at til dømes løvehannane et dei små løveungane. Det har jo alltid vore eit stort spørsmål. Brutalt. Ingenting i naturen er tilfeldig. Og ein kan forske på alt! Til og med kvifor høna liker å bade i sand. Eg gleiar meg til fortsetjinga. Gjer du?


 

K2 Modify 2007