Tema-kveld: Skog!

"Skogen Din" er temaet på fotkonkurranse starta av Natur og Ungdom, i løpet av UKA i Ås. 10 bileter vart kåra til å kome videre, og vist for fyrste gong på ein temakveld, 19.00 skrivande dag, med tilhøyrande økologisk mat og forelesarar om skog i Noreg og regnskog.

Det kom inn ei anna vinkling hjå den eine forelesaren. Eg tykte det var interessant. Han var sjølve ein forkjempar for vern av regnskog, og dertil vern av tusentals arter og naturleg produksjon i regnskogen. Avskoginga meinte han likevel var nødvendig for dei fattige i landa. Det er nemleg dei fattige i landa som tek mesteparten av skogane i verda i dag, men fordi dei treng å produsere mat. Skal vi la borna sulte, eller redde regnskogen? - spurte han. Mange i-land firma har teke over regnskogen sine ressursar og utnyttar dei til fordel for seg sjølve.

Eit eksempel han hadde var gullproduksjon i eit land, utvunne frå skoggrunnen. Her vert det produsert nok gull til å gje dei innfødte i landet 1,8 millionar pr. familie på 6 pr. år i pengar tjent frå gullgravinga. Men dei får ingenting. Alt går til firma frå industriland. Dei innfødte er fortsatt fattige, og tømrar eller brenn skogen. Og på grunn av liten kompetanse, går berre 10% av alt tømmer til bruk, og resten er avfall som sagflis, vridde plankar og feilskorne bord. Eller så forsvinn alt i brann, og området brukast til å produsere mais.

Det er mange måtar å sjå på miljøproblem. Mange vinklingar. Mange som meinar at det er fokus på feil vinkel. Ein annan kar som nettopp har gitt ut boka "Cool it", eller "Hold hodet kaldt", meinar det er feil å fokusere på klimaendringar, men at ein heller bør fokusere på medisinforskning (f.eks. aukar malariaspreiing på grunn av auka temperatur. Det tar mykje lenger tid å dempe klimaendringane ved f.eks auka pris på kvotar, enn å forsøke å finne ut ein "kur", eller så vil ein kunne redde 0.4 isbjørnar pr. år ved å minske klimautslipp, enn 46 isbjørnar pr. år om ein ikkje jaktar på dei.) Alt er ikkje svart kvitt. Men mange klimaaktivistar reagerar på ei slik vinkling. Men det er ikkje alltid menneska handlar riktig. Det kan jo krisene i verda i dag fortelje oss.

Det er så lett å hengje seg på det fyrste og beste nokon seier, eller endre meining så snart nokon seier noko anne. Kva skal ein tru på? Like fast er det riktig å verne skogar. Og natur. Og ikkje forureine så mykje. Sjølv om forureining kanskje ikkje fører til klimaendringar, eller om klimaendringae er irreversible, så kan ein redde mange dyreliv ved å ikkje øydeleggje deira habitat med farlege giftstoff, til dømes. Det er så mykje å ta hensyn til at eg ikkje får skrive alt her no, og eg har heller ikkje kompetanse til det. Eg berre luftar tankar som eg har fått meg på ein kveld i BAR-skogen og ein morgon med knekkebrød og Morgenbladet.

1 Comment:

  1. Live said...
    Det som òg er irriterande, er asiatiske fabrikkar som har avtale med europeiske bedrifter (noko dei europeiske bedriftane dreg fordel av, fordi dei asiatiske fabrikkane sel billig).Europeiske lovverk får den asiatiske fabrikken til å betre forholda for arbeidarane, og produkta deira vert dimed dyrare. Dette kan sjølvsagt ikkje dei europeiske bedriftane gå med på, dei vil jo ha størst mogleg fortjeneste.Med det bryt dei avtalen med asiatane. Konklusjon: Dei asiatiske fabrikkane mistar viktige forbindelser med europeere fordi europearane sjølv ber dei betre forholda. Sjukt, eller kva?

    (Eg beklagar nynorske skriveleifar. Eg har ikkje brukt nynorsken på år og dag!)

Post a Comment




 

K2 Modify 2007