Eg vert aldri lenge på ein stad. Sånn er det.

Venlegst slett linken til denne sida, og sjå mi kule, nye side:

http://ingeborgh.com

Kvardagsfilosofibloggen min ligg der no :)
Kom aldri tilbake her..

Ingeborg

No slit eg!

Eg har gløymt all matten eg kunne for ei veke sidan. Æsj. No blir det mykje jobb!

Tema-kveld: Skog!

"Skogen Din" er temaet på fotkonkurranse starta av Natur og Ungdom, i løpet av UKA i Ås. 10 bileter vart kåra til å kome videre, og vist for fyrste gong på ein temakveld, 19.00 skrivande dag, med tilhøyrande økologisk mat og forelesarar om skog i Noreg og regnskog.

Det kom inn ei anna vinkling hjå den eine forelesaren. Eg tykte det var interessant. Han var sjølve ein forkjempar for vern av regnskog, og dertil vern av tusentals arter og naturleg produksjon i regnskogen. Avskoginga meinte han likevel var nødvendig for dei fattige i landa. Det er nemleg dei fattige i landa som tek mesteparten av skogane i verda i dag, men fordi dei treng å produsere mat. Skal vi la borna sulte, eller redde regnskogen? - spurte han. Mange i-land firma har teke over regnskogen sine ressursar og utnyttar dei til fordel for seg sjølve.

Eit eksempel han hadde var gullproduksjon i eit land, utvunne frå skoggrunnen. Her vert det produsert nok gull til å gje dei innfødte i landet 1,8 millionar pr. familie på 6 pr. år i pengar tjent frå gullgravinga. Men dei får ingenting. Alt går til firma frå industriland. Dei innfødte er fortsatt fattige, og tømrar eller brenn skogen. Og på grunn av liten kompetanse, går berre 10% av alt tømmer til bruk, og resten er avfall som sagflis, vridde plankar og feilskorne bord. Eller så forsvinn alt i brann, og området brukast til å produsere mais.

Det er mange måtar å sjå på miljøproblem. Mange vinklingar. Mange som meinar at det er fokus på feil vinkel. Ein annan kar som nettopp har gitt ut boka "Cool it", eller "Hold hodet kaldt", meinar det er feil å fokusere på klimaendringar, men at ein heller bør fokusere på medisinforskning (f.eks. aukar malariaspreiing på grunn av auka temperatur. Det tar mykje lenger tid å dempe klimaendringane ved f.eks auka pris på kvotar, enn å forsøke å finne ut ein "kur", eller så vil ein kunne redde 0.4 isbjørnar pr. år ved å minske klimautslipp, enn 46 isbjørnar pr. år om ein ikkje jaktar på dei.) Alt er ikkje svart kvitt. Men mange klimaaktivistar reagerar på ei slik vinkling. Men det er ikkje alltid menneska handlar riktig. Det kan jo krisene i verda i dag fortelje oss.

Det er så lett å hengje seg på det fyrste og beste nokon seier, eller endre meining så snart nokon seier noko anne. Kva skal ein tru på? Like fast er det riktig å verne skogar. Og natur. Og ikkje forureine så mykje. Sjølv om forureining kanskje ikkje fører til klimaendringar, eller om klimaendringae er irreversible, så kan ein redde mange dyreliv ved å ikkje øydeleggje deira habitat med farlege giftstoff, til dømes. Det er så mykje å ta hensyn til at eg ikkje får skrive alt her no, og eg har heller ikkje kompetanse til det. Eg berre luftar tankar som eg har fått meg på ein kveld i BAR-skogen og ein morgon med knekkebrød og Morgenbladet.

Det er ikkje ofte eg er så spent. I dag hadde eg marginalt med tid før eg fekk heile skulda for ikkje å få tak i billettar til ein stor event i februar. Billettsalget starta 9.00, toget mitt frå Stavagger skulle etter planen vera i Oslo kl. 7.30 - likvel ikkje heime framfor Internett! Vart henta på Ås stasjon 8.35 - tenk om noko hadde vore forsinka? Eg satt i kø. Frå kvart på 9. Klikka som ein gal på knappen. 3 minutt på 9 var eg i kø. I 20 heile minutt og hadde kome heilt til topps, før servaren logga meg ut og sa at eg ikkje hadde sikkerheitstilkopling i nettlesaren, eller noko slikt avansert eg ikkje skjønar meg på. Eg stilnar eit sekund og er arg. Så klikkar eg igjen berre på trass, og gjett kva som skjer? Eg kjem inn! Kjøper 4 billettar og betaler ein hårreisande sum pålydande 2365kr (som så klart ikkje var mine pengar). Jepp, eg klarte det igjen. Nett-billett-dronninga. A-seksjon på Metallica i fjor. Billettar til AC/DC, rockelegendane over dei alle, i år. Det er ikkje verst. Les du VG sit det mange frustrerte fans og grin på nasen og klagar på at Billettservice er drit. Det var spaning i kvart sekund. Har ikkje vore så skjerpa på ei blå, vandrande kø-line nokon gong. Alt låg på mine skuldre.

UKA i Ås



Thomas Dybdahl og National Bank for andre gong :-)


Lars Monsen, fleire enn 500 tilskodarar, toppa Dybdahl og Motor Psycho.
Han var jo litt helt og.






Valkyrien Allstars!

Har alltid hatt lyst å sjå dei, Valkyrien. Det var bra. Men dei fulle studentane kunne ikkje la være med å snakke, og i det vesle lokalet "Halvors Hybel", vart det eit forstyrrande element for dei som ville mimra tilbake til musikkorienteringens trøytte dagar, og ikkje minst folkemusikken. Og framfor alt høyre dei rå bånnsullane. Når det gjekk up-tempo, vart i alle fall bråket døyva av musikken. Og det var bra. Då kunne det rykkja i foten og.

No har eg berre billett til Kaizers Orchestra igjen.

Exciting

Draumar

Fag eg gleiar meg til.
I ei ganske ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Tropisk feltøkologi (utmarksbasert studium på 15 studiepoeng som inneber 4 veker på feltkurs i Tanzania, med tema som ressursforvaltning og økologi i tropiske område i tverrkulturelle arbeidsgrupper)
2. Innføringskurs i naturforvaltning
3. Atferdsøkologi (evolusjonær mekanisme og atferdsstrategiar hjå dyr)
4. Viltbiologi og forvaltning (å forvalte villmark med minst mogleg negative effektar for viltet)
5. Tropisk økologi og biologi
6. Økologisk fordjupningsoppgåve (valgfritt tema!)
7. Vern og forvaltning av norsk natur
8. Tropisk økologi og naturforvaltning
9. Conservation biology

Sannsynligvis kan eg ikkje velje alle. Sånn er livet.

Ting eg gleiar meg til.
I ei relativt ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Reise heim
2. Gifte meg
3. Oppdage Kina, India og Sør-Afrika
4. Feltstudium
5. Eit friår
6. Studere dei kjekke faga
7. Jobbe i WWF e.l.
8. Den dagen eg skal byrje å trene for fullt
9. Når eg har bestått eksamen i etologi, math100 og ex-phil
10. Når eg har funne den norske draume-garden
11. Alpakkafarmen min
12. Reise verda rundt
13. Kjøpe kajakk
14. Ri på hesten min i eit spektakulært, norsk landskapet
15. Sove

Sannsynligvis kan eg ikkje gjere alt. Sånn er livet :-) Sove kan eg.
Men det kan bli interessant uansett, trur eg.


 

K2 Modify 2007