Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg

Draumar

Fag eg gleiar meg til.
I ei ganske ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Tropisk feltøkologi (utmarksbasert studium på 15 studiepoeng som inneber 4 veker på feltkurs i Tanzania, med tema som ressursforvaltning og økologi i tropiske område i tverrkulturelle arbeidsgrupper)
2. Innføringskurs i naturforvaltning
3. Atferdsøkologi (evolusjonær mekanisme og atferdsstrategiar hjå dyr)
4. Viltbiologi og forvaltning (å forvalte villmark med minst mogleg negative effektar for viltet)
5. Tropisk økologi og biologi
6. Økologisk fordjupningsoppgåve (valgfritt tema!)
7. Vern og forvaltning av norsk natur
8. Tropisk økologi og naturforvaltning
9. Conservation biology

Sannsynligvis kan eg ikkje velje alle. Sånn er livet.

Ting eg gleiar meg til.
I ei relativt ikkje-prioritert rekkjefølge:

1. Reise heim
2. Gifte meg
3. Oppdage Kina, India og Sør-Afrika
4. Feltstudium
5. Eit friår
6. Studere dei kjekke faga
7. Jobbe i WWF e.l.
8. Den dagen eg skal byrje å trene for fullt
9. Når eg har bestått eksamen i etologi, math100 og ex-phil
10. Når eg har funne den norske draume-garden
11. Alpakkafarmen min
12. Reise verda rundt
13. Kjøpe kajakk
14. Ri på hesten min i eit spektakulært, norsk landskapet
15. Sove

Sannsynligvis kan eg ikkje gjere alt. Sånn er livet :-) Sove kan eg.
Men det kan bli interessant uansett, trur eg.

Sjå. og Tenk...










Sjå, dei er nokre av verdas mest spektakulære skapningar. Tenk at dei alle er kritisk utrydningstrua. Sjå godt på dei, og hugs. Tenk om me er dei siste gjenlevande som veit sikkert at dei har eksistert? Sjå på dei, og tenk. Tenk så trist for dei andre. Vil du la det skje?

Eit barndomsminne

Eg hugsar frå då eg var lita at eg likte ein song godt. Eg kom på han igjen i dag då eg såg ei stor, grøn grashoppe like før eg skulle ut å padle. Eg byrja å nynne på songen. Undrar meg på om andre har eit forhold til denne songen. Eigentleg tenkte eg ikkje då på kva songen ville seie oss små born eller vaksne. Men i dag kom eg på at han formidlar jo det stikk motsatte av kva ein vanlegvis forventer å høyre frå dei me ser opp til.

"La vær å ønsk deg større, hva oppnår du med det om jeg tør spørre. Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten? (...) Ikke søk mot toppen, men stopp ved siste hopp."
Mogleg er det at eg har gløymt teksten i årenes løp, men seier ikkje songen at ein ikkje skal følgje draumane våre? I allefall kom eg på han då eg såg grashoppa feit og uredd. Eg likte songen, og ville syngje han ofte, minnast eg.

Hjelp, eg studerar!

Og kva no?

Eg er van med å få eit kvitt papir i handa der det står kor eg skal til ulike tider av døgnet. Og kva rom eg skal i, og at eksamen og prøvar ikkje kolliderar med kvarandre. Vel, eg har funne ut at eg må tenkje annleis. Eg har satt opp min eigen timeplan, og funne ut at eksamenane ikkje kolliderar. Eg er i høg grad nøgd med resultatet. Tenk så heldig eg er som kan velje mellom monge titalls fag eg kan ha interesse for. Men tenk så vanskeleg!

Eg har akkurat delteke i den fyrste forelesninga i haust av relevans til personlig interesse; etologi. Eg visste ikkje at det skulle treffe meg så hardt i hjarterota. Og det var berre flaks at eg fekk vite om akkurat dette faget. Ut av lufta. No kan eg kanskje endeleg lære om pingvinar og deira atferd og korleis han påverkar deira bestand og moglegheit for å overleve. Og om kvifor nokre av dei er besatt av små runde steinar.

Pingvinar med stein

I dag lærte eg om metodar for forskning. Og følte meg med eitt ganske akademisk. Eg lærte så vidt om proximat og funksjonell tilnærming på dyrs atferd, og at det er ein kvifor- og korleis-grunn til at til dømes løvehannane et dei små løveungane. Det har jo alltid vore eit stort spørsmål. Brutalt. Ingenting i naturen er tilfeldig. Og ein kan forske på alt! Til og med kvifor høna liker å bade i sand. Eg gleiar meg til fortsetjinga. Gjer du?


 

K2 Modify 2007