Eit barndomsminne

Eg hugsar frå då eg var lita at eg likte ein song godt. Eg kom på han igjen i dag då eg såg ei stor, grøn grashoppe like før eg skulle ut å padle. Eg byrja å nynne på songen. Undrar meg på om andre har eit forhold til denne songen. Eigentleg tenkte eg ikkje då på kva songen ville seie oss små born eller vaksne. Men i dag kom eg på at han formidlar jo det stikk motsatte av kva ein vanlegvis forventer å høyre frå dei me ser opp til.

"La vær å ønsk deg større, hva oppnår du med det om jeg tør spørre. Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten? (...) Ikke søk mot toppen, men stopp ved siste hopp."
Mogleg er det at eg har gløymt teksten i årenes løp, men seier ikkje songen at ein ikkje skal følgje draumane våre? I allefall kom eg på han då eg såg grashoppa feit og uredd. Eg likte songen, og ville syngje han ofte, minnast eg.

1 Comment:

  1. Live said...
    Eg synest sangen var litt fin, eg. Eg trur han seier oss noko om å ikkje samanlikna seg med andre, å ikkje søke toppen berre fordi me føler me må. Viss me er lukkelege som små, kvifor ikkje berre vere der ein er?

Post a Comment




 

K2 Modify 2007