Filosofi

Eg sit og les. Eg har endeleg kome i gong med lesinga. Det er mange sider, og eg bruker lang tid. 2 timer på 12 sider. Kor mange timar tek det å få inn heile pensum? You do the math. I dag har eg lese filosofi. Om ontologien -> læra om ting som er. Litt sært. Eg forstod Sokrates, men når Platon kjem inn i teksten og byrjar å vifte med begrep om at begrep ikkje er begrep og at ting og begrep er to forskjellige, distinkte begrep men likevel avhengige av kvarandre, gjer meg litt svimmel. Men eg forstår det litt og, eg berre maktar ikkje å forklare det. Men då kjem Sokrates og seier at eg ikkje veit det før eg kan seie det (eller var det Aristoteles?). Men eg forstår at kjærleik finst som eit begrep, og også i sansbar forstand. Men kva er kjærleiken i den sansbare forstanden? Er det at Asbjørn frir til meg? Er det at han kjem til Ås berre for å hengje med meg? Er det at han ringjer meg? Du kan ikkje peike på kjærleiken, eller ta på han, men likevel veit eg at det er kjærleik. Platon ville sagt at alle har ein idé om kva kjærleik er, fordi idéen om kjærleik finst for alle.

1 Comment:

  1. Unknown said...
    Hei lille! eg e veldig dårlig t kommentar-ting :) hihi mn syns det e kjekt å lesa dine filosofiske tanka å synspunkt :) lille bille mi :)

Post a Comment




 

K2 Modify 2007