Sjå. og Tenk...










Sjå, dei er nokre av verdas mest spektakulære skapningar. Tenk at dei alle er kritisk utrydningstrua. Sjå godt på dei, og hugs. Tenk om me er dei siste gjenlevande som veit sikkert at dei har eksistert? Sjå på dei, og tenk. Tenk så trist for dei andre. Vil du la det skje?

Eit barndomsminne

Eg hugsar frå då eg var lita at eg likte ein song godt. Eg kom på han igjen i dag då eg såg ei stor, grøn grashoppe like før eg skulle ut å padle. Eg byrja å nynne på songen. Undrar meg på om andre har eit forhold til denne songen. Eigentleg tenkte eg ikkje då på kva songen ville seie oss små born eller vaksne. Men i dag kom eg på at han formidlar jo det stikk motsatte av kva ein vanlegvis forventer å høyre frå dei me ser opp til.

"La vær å ønsk deg større, hva oppnår du med det om jeg tør spørre. Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten? (...) Ikke søk mot toppen, men stopp ved siste hopp."
Mogleg er det at eg har gløymt teksten i årenes løp, men seier ikkje songen at ein ikkje skal følgje draumane våre? I allefall kom eg på han då eg såg grashoppa feit og uredd. Eg likte songen, og ville syngje han ofte, minnast eg.








Distraksjon

Eg vert lett distrahert. Det er derfor eg sit og skriv i blogg i staden for å lese om nervecelleforbindelser på ultraintrikat engelsk. Det skal ikkje så mykje til då. Men det er og derfor eg har bestemt meg for kajakkpadling i staden for roing. Kajakk er så mykje meir anvendeleg. Og eg kjem antakelegvis ikkje til å konkurrera i roing likevel. Kajakk er lett å døyme seg vekk i, eg kan padle i ei brei elv og berre sjå på naturen medan eg glir med straumen. I går var det perfekte forhold for padling. Heilt stille på vatnet, kaldt, skumring og krystallklar himmel. Eg vil berre drøyme meg vekk, og plis plis kan eg la vere å lese om synapser og glutamatergiske nevroner? Eller for den saks skyld, Platons ontologiske teoriar?

Filosofi

Eg sit og les. Eg har endeleg kome i gong med lesinga. Det er mange sider, og eg bruker lang tid. 2 timer på 12 sider. Kor mange timar tek det å få inn heile pensum? You do the math. I dag har eg lese filosofi. Om ontologien -> læra om ting som er. Litt sært. Eg forstod Sokrates, men når Platon kjem inn i teksten og byrjar å vifte med begrep om at begrep ikkje er begrep og at ting og begrep er to forskjellige, distinkte begrep men likevel avhengige av kvarandre, gjer meg litt svimmel. Men eg forstår det litt og, eg berre maktar ikkje å forklare det. Men då kjem Sokrates og seier at eg ikkje veit det før eg kan seie det (eller var det Aristoteles?). Men eg forstår at kjærleik finst som eit begrep, og også i sansbar forstand. Men kva er kjærleiken i den sansbare forstanden? Er det at Asbjørn frir til meg? Er det at han kjem til Ås berre for å hengje med meg? Er det at han ringjer meg? Du kan ikkje peike på kjærleiken, eller ta på han, men likevel veit eg at det er kjærleik. Platon ville sagt at alle har ein idé om kva kjærleik er, fordi idéen om kjærleik finst for alle.

Ro-ro din båt

Ingeborg ror! Kven hadde trudd det? At eg kvar tirsdag og torsdag skulle ta sykkelen fatt for å kome til Årungen rostadion, for øvreg Noregs einaste internasjonalt godkjente rostadion, og ro. I går rodde ho i 1,5 timar saman med Kari, og når me fekk dreisen på årene (noko som faktisk ikkje er så lett, og litt vondt om skoa er stilte inn feil...) så gjekk det fort, fort! Og Ingeborg som ikkje ei gong liker båtar! Me skal prøve å få til eit studentlag for å ro 8-manns båtar. Det går endå fortare. Herleg. Tenk å berre suse inn i solnedgangen på eit stille vatn. Du veit, lett motivert og engasjert, men eg er klar. Eg legg ut årene og drar.

Homo-mensura-tesen

”Mennesket er alle tings målestokk, for det som er, at det ikke er, og for det som ikke er, at det ikke er.”

Puuh, det var nok for i dag.

Hjelp, eg studerar!

Og kva no?

Eg er van med å få eit kvitt papir i handa der det står kor eg skal til ulike tider av døgnet. Og kva rom eg skal i, og at eksamen og prøvar ikkje kolliderar med kvarandre. Vel, eg har funne ut at eg må tenkje annleis. Eg har satt opp min eigen timeplan, og funne ut at eksamenane ikkje kolliderar. Eg er i høg grad nøgd med resultatet. Tenk så heldig eg er som kan velje mellom monge titalls fag eg kan ha interesse for. Men tenk så vanskeleg!

Eg har akkurat delteke i den fyrste forelesninga i haust av relevans til personlig interesse; etologi. Eg visste ikkje at det skulle treffe meg så hardt i hjarterota. Og det var berre flaks at eg fekk vite om akkurat dette faget. Ut av lufta. No kan eg kanskje endeleg lære om pingvinar og deira atferd og korleis han påverkar deira bestand og moglegheit for å overleve. Og om kvifor nokre av dei er besatt av små runde steinar.

Pingvinar med stein

I dag lærte eg om metodar for forskning. Og følte meg med eitt ganske akademisk. Eg lærte så vidt om proximat og funksjonell tilnærming på dyrs atferd, og at det er ein kvifor- og korleis-grunn til at til dømes løvehannane et dei små løveungane. Det har jo alltid vore eit stort spørsmål. Brutalt. Ingenting i naturen er tilfeldig. Og ein kan forske på alt! Til og med kvifor høna liker å bade i sand. Eg gleiar meg til fortsetjinga. Gjer du?


 

K2 Modify 2007